tirsdag 10. august 2021

Desse hendene er arv, eit avtrykk av gardsarbeidet som går generasjonar attende

 «Plikt» av Marianne Clementine Håheim. Oktober forlag, 2021.

«Plikt» er ein liten og lettlesen, svært god roman. Ein ung mann vél å flytte heim til garden da far hans døyr. «Eg skal flytte heim for å ta over garden, ikkje fordi eg vil, men fordi eg føler at eg burde ville.» Han bestemmer seg for å drive garden slik far hans gjorde, tek på seg faren sine arbeidsklede og blir sauebonde. Garden er tungdreven, mannen kan lite om gardsdrift og kjenner få i bygda. Alt går seint og han har stadig lister med oppgåver som må gjerast, Men - listene er stadig like lange. Mykje minner han om foreldra og oppveksten, han går mest aleine, og arbeider hardt med tunge oppgåver som han skulle hatt hjelp til. Einsemda og håpløysa sig etterkvart innover han. Trist, kanskje, men – boka er full av varme og levande skildringar av omsorga for dyra, kjærleiken til naturen og slektsgarden. Språket er utsøkt – ein får stadig lyst til å notere fine setningar og vendingar, og må lesa oppatt godt skrivne avsnitt.


Forlaget Oktober skriv at dette er «ei gripande forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon. Nesten umerkeleg viser det seg også å vere forteljinga om ei einsemd som er så stor at ho kanskje ikkje kan berast.»

Romanen «Plikt» er den tredje boka til Marianne Clementine Håheim. Ho har tidlegare gjeve ut diktsamlinga «Bybildar» og romanen «Svart belte».

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar