torsdag 6. mai 2021

Kor godt kjenner du naboane dine?

Gode naboer, krim av Mathias Edvardsson, oversett av Jørn Roeim. Gyldendal.


Micke og Bianca flytter til eit idyllisk nabolag som verkar perfekt for dei og deira to små barn. Dei treng å finne ein god
plass å bu etter problematiske hendingar, og dette strøket verkar å oppfylle alt dei har drøymd om. Bianca er rett nok skeptisk til å koma for nær naboane, og det viser seg at ho har god grunn til det. Etter kvart som dei blir kjend i nabolaget, kjem ei uhygge krypande, og ei ulmande spenning driv lesaren gjennom boka. 

Bianca blir påkøyrd rett utanfor huset deira. Det ser fyrst ut som ei ulukke, men medan ho ligg på sjukehuset, blir både Micke, naboar og politiet meir og meir i tvil om kva som har skjedd.

Kva er det med den tidlegare fotomodellen Jacqueline, som er så pen at Micke mest ikkje greier å ta augo frå henne? Kva er det med den rare og litt uhyggelege sonen hennar? Han er 13 år, dukkar ofte lydlaust opp som ein skuggje ut av inkje, og vil helst leike med småungar. Er det normalt? Det er baktaling og ryktespreiing, og ei rar atmosfære i den rolege villastrøket.

Ein jobb-problematikk forfylgjer Micke og gjer at han ikkje heller her er fri og trygg. Stemninga mellom ekteparet er skjør og anspent. Det vart slett ikkje så idyllisk som dei forventa.

Dette er ein intens, psykologisk "familiethriller" med ei dirrande spenning. Lesaren får presentert historien gjennom forskjellige forteljarstemmer, og synsvinkelen vekslar mellom "før og etter ulukka"- eit godt grep av forfattaren. Det er hårfine grenser mellom rett og gale, og kanskje ikkje alltid like smart å koma for tett på naboane sine.

Mattias Edvardsson har tidlegare skreve "En helt vanlig familie". Denne er minst like god som "Gode naboer". 

Anbefalt av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar