torsdag 5. desember 2019

Les du ikkje krim? - Les denne!


Dei sju dørene av Agnes Ravatn


Litteraturprofessor Nina Wisløff er frustrert.
Jobben blir meir og meir meiningslaus, huset hennar skal rivast, legedottera er kynisk og egoistisk, og Nina er irritabel og uroleg.

Professoren bur i Fløenbakken i Bergen saman med ektemann og helsebyråd Mads. Her blir fleire hus ekspropriert for å få plass til bybanen (noko som verkeleg har skjedd), og Nina og Mads må på husjakt rett før Jul. Dottera vil flytte inn i ein bustad dei har arva, men fyrst må leigebuaren - Mari - ut. Etter eit nokså bardust besøk av Nina og ei uhøfleg dotter, flytter Mari sporenstreks ut. (Komisk-pinleg lesing!) Nokre dagar seinare forsvinn leigebuaren sporlaust.

Med det er ei intens handling i gang. Politiet famlar i blinde og kjem ingen veg, men Nina engasjerer seg og opptrer som ein ganske så geskjeftig privatdetektiv med original metodikk.
Fleire løysingar seglar opp, og ho undersøkjer, snusar ikring og intervjuar personar som kjende Mari. Akademiske teoriar, litteratur, psykologi, opera, myter og personleg logikk underbyggjer på utradisjonelt vis løysingane og mistankane - til dei blir forkasta. Og alt får konsekvensar for menneska ikring. Ingenting er slik ein trur, og eg vart verkeleg overraska gong på gong gjennom denne historien.

Det er spanande, originalt, og med syrleg Ravatn-humor. Anbefales!

Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar