torsdag 26. april 2018

Kvifor seier han ikkje noko




Nicolai Berge sit i rettsal 227, tiltala for å ha skore strupen over på fem menneske - deriblant ei jente på 9 år. Han høyrer vantru på skuldingar, vitnesbyrd og absurde skildringar av hans person, men han seier ingen ting. Trass i innstendig oppmoding frå dommaren forklarar han seg ikkje.

Fem familiemedlemmar brutalt blir slakta ned på ei hytte i Nordmarka. "Det skulle være en forbrytelse hinsides all fatteevne. Flere mennesker lå drept i en hytte langt pokker i vold inne i Nordmarka. Slaktet, sa tipseren. På en bestialsk måte. Blant de døde var det visstnok berømte personer. Svært berømte." Journalist Ine Wang har nett avslutta biografien om den eine - ein profilert Ap-politikar. For ein tragedie, ein katastrofe! Og - på same tid - eit unikt høve til å få brak-suksess med biografien, nei slik kan ein ikkje tenkje - men - dette er ein verkeleg ein tennplugg av eit samantreff. 

Berge er ein svært spennande roman om eit ufatteleg terror-åtak. Vi fylgjer fyrst Ine Wang i hennar arbeid med bok-prosjektet og dekking av saka. Forfattaren går djupt i hennar konflikt mellom tragedien og dette "å setje dagsorden", kjenne rusen av moglegheiter, nyfikna, storyen ikkje lik nokon annan. Forfattaren Nicolai Berge blir skulda for drapa, trass i at det korkje finst bevis eller klare motiv. Dommaren - ein korrekt og anonym eldre herre kjem etterkvart i tvil. Han les novellesamlingane til Berge, går på bar, grublar - det er noko som ikkje stemmer. Kan denne Nicolai Berge verkeleg vera mordaren? 

Men Berge seier ingenting i rettssalen.

Tredje del i boka er Nicolai Berge sin historie. Han fortel om kjærleiksforholdet til ein av dei drepne - Gry Storefjell, om livet sitt, og om møtet med journalisten Ine Wang. Og han er på overnattingstur i Nordmarka... Får vi nokon gong løysinga på mysteriet?

Boka har klare parallellar til både 22. juli og Orderud-saka, og forfattaren har sagt at han vil seie noko om dette, "vår beskyttede tilværelse og store naivitet", korleis ein aldri er førebudd og kva som skjer i landet vårt når det utrulege skjer. Aktuell, viktig og svært spennande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar