torsdag 7. februar 2019

Psykologisk thriller med samfunnsaktuelle tema

Alt er mitt av Ruth Lillegraven

Denne boka var eg svært spent på. Forfattaren Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte i 2005 med  diktsamlinga "Store stygge dikt", og har seinare skrivi romanar, dikt for born og vaksne, teater og barnebøker, og ho har turnert med poesikonsertar. Ein allsidig forfattar altså. Så gav Lillegraven seg i kast med ein ny genre; den psykologisk thrilleren med samfunnssaktuell tematikk.

Barnelege Haavard får ein dag besøk av ein opprørd far med sin hardt skadde son i armane. Det viser seg at faren har mishandla guten på det grovaste, og det er ikkje fyrste gong. Haavard fantaserer om kva ein bør gjera med slike menn, og lagar m.a. ei liste over typar han meiner bør få si rettmessige straff. Mishandlaren blir litt seinare funnen skoten på bønerommet på sjukehuset, og Haavard og den hemmelege elskarinna har blitt sett like i nærleiken. Politiet er i gang.

Samstundes arbeider kona hans, Clara, med ei lovendring som skal gjera det enklare å avsløre barnemishandlarar. Ho arbeider i Justisdepartementet, og er ein sterk og dyktig byråkrat. Med ein tøff oppvekst og lite tryggleik i barndomen har ho sitt å stri med.

Haavard og Clara slit i ekteskapet, løgner og forteiing tullar det meir og meir til. Det skjer fleire drap, og mordaren er dyktig til å villede politiet. Handlinga vekslar mellom notid og fortid, Oslo vestkant, sjukehuset, departementet og småbruket og stølen inst i ein vestlandsk fjord. Clara, Haavard og fleire sentrale personar fortel kvar sine kapittel - hhv på bokmål og nynorsk. Eit grep som gjer handlinga levande, og ein kan lett høyre dei forskjellige personane for seg.

Dette er ein spennande og medrivande psykologisk thriller med tydeleg aktualisering av problematikken kring barnemishandling og  personvernet si rolle. Det handlar óg om svik, forteiing, kjærleik, moral, oppvekst, handlekraft, krigstraumer og vestlandsk, storslegen natur.

Til slutt diktet av Pär Lagerkvist som tittelen viser til:

Allt er nära, allt är långt i från.
Allt er givit människan som lån.

Allt är mitt, och allt skall tagas från mig,
inom kort skall allting tagas från mig.
Träden, molnen, marken där jag går.




Anbefalt av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar