torsdag 29. desember 2016

Guåkers grep

Helene Guåker er ein av våre verkeleg gode, unge forfattarar. Du kan møte henne på Os bibliotek Bjørnsons minde onsdag 25. januar. Guåker har skrivi tre romanar for vaksne, samt ei ungdomsbok og langdiktet "Kanskje det er hjertet", som ho har laga diktframsyninga "Hjertelyd " av.


Litt om bøkene:
"Kjør"
Bak låven heime hjå Marianne står ein grønnfalma Mercedes 322 lastebil, som Marianne plar sitja i når ho vil vera aleine. Ho er ei bilgalen ungjente som ikkje heilt finn seg til rette i det vanlege livet. Men blant bilar, motorar og mopedar er ho i sitt ess. Ho mekker og tjuv-køyrer, kræsjar med drøymebilen og mister barnet ho ber. Ho kjempar hardt for å restaurere vraket og finne attende til livet sitt.




I "Pølsefabrikken" møter vi Sølvi, som vil studere filosofi, men som må tene pengar og difor havnar ved samlebandet på ein pølsefabrikk. Dama er tøff og bryt med det meste. Ho er dyktig og blir etterkvart uerstatteleg i jobben, og ho står opp mot urettvise og falske autoritetar. Dette - saman med engasjement i arbeidsmiljø gjer at ho startar fagforeining. Boka har eit friskt språk og mykje humor.

"Vil ikke reise, kan ikke bli" er etter mi meining den beste boka til Guåker. Emma havnar i eit destruktivt og farleg forhold med pyskopatiske og valdelege K.  Det er faktisk mogleg å bli i eit slikt forhold ganske lengje. Men boka handlar mest om å koma seg ut, bli fri og sterk og seg sjølv att.

Alle bøkene er lettlesne og medrivande. Du rekk fint å lese ei eller fleire til forfattarkvelden den 25. januar!


Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde


Foto: Kine Bakke



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar