torsdag 8. september 2016

1814 - ei anna historie

 
Den historiske romanen "Eplehagen" av Marianne Storberg går føre seg i Christiania og Asker på 1800-talet. Det er urolege tider i Christiania, og dei store nasjonale omveltningane pregar det daglege livet. Far til hovudpersonen Maren driv eit velrennomert apotek i byen, der Maren nyttar all si fritid til å hjelpe faren. Ho er både skarp, dyktig, lærenem og svært interessert, og har rike stunder saman med faren i apoteket og ikkje minst i apotekhagen. Ho finn stor glede i å kunne hjelpe andre i ei tid med epidemiar, fattigdom og naud. Mor hennar meiner ho bør bruke meir tid på å pynte seg og skaffe seg ein mann enn å grave i jorda og lære seg anatomi og plantelære. Kva skal vel ei ung kvinne med den slags? Men Maren er sterk og ynskjer å fylgje sin eigen vilje.
 
Maren blir tidleg enkje, og treng å koma seg bort. Ho får arbeid som guvernante for tre småjenter hjå den karismatiske presten Johannes Høegh i Asker. Han er - som Maren - oppteken av å hjelpe dei fattige, ikkje minst ved å lære bort effektivt jordbruk, innføre poteten, og hjelpe ved sjukdom og svolt. Prestegarden kunne vore ein idyllisk heim, men eit skremmande mysterium kring prestefrua ligg tungt over familien.
I prestegarden møter Maren den kjekke gartnaren Carl. Han får ei viktig rolle da presten bestemmer seg for å satse alt på å vinne prins Karl Johan si utlysing om det beste jordbrukstiltaket i Noreg.
Her er kjærleik, svik, prestisje og sjalusi. Det er snøstormar, store juleselskap og vakre kjolar. Maren må gjennom mange kampar i sitt eige sinn – gamle foreldre og eiga framtid, forboden kjærleik, mot og tvil. Ho ynskjer sterkt å bidra, og er på mange måtar "forut for si tid".
Språket er utsøkt, det er gode skildringar og dialogar og svært truverdig alt saman. Men ein må godta at dette er ei anna tid (det går litt treigt med både det eine og det andre…). Det er interessant og lærerikt, og eg meiner forfattaren balanserer godt det som kan bli eit dillemma – fri dikting i ei historisk korrekt ramme. Fyrste del av boka går lungt for seg, men heng på - det blir dramatisk så det held!
 
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar