torsdag 19. mai 2016

Om villmark, bøffeljakt og dei store livsgåtene

Butcher's crossing av John Williams


William Andrew, student ved Harvard college i Boston i 1870-åra er lei av det teoretiske studentlivet. Han vil oppleva naturen og det verkelege livet i villmarka.  Will reiser derfor  vestover til den vesle, søvnige og støvete byen Butcher’s Crossing. Her finn Will den legendariske bøffel-jegaren Miller, som kjenner til ein øde fjelldal med ein stor bøffelflokk. Will greier å overtale han til å reise på jakt – og få vera med. Miller stablar opp eit jaktlag på fire karar, åtte uksar, tre hestar, vogner og våpen, og dei reiser inn i fjella i Colorado  for å finne denne  siste bøffelflokk.

Unge Will får verkeleg oppleva den urøyrde naturen. Vi les om vakre landskap og storslagne fjell, men - omveltninga frå lesesalen til vekesvis på hesteryggen blir smertefull og utfordrande. Will har knapt nok ridd før, så han blir støl og stiv, tyrst, svolten, solblind og kald. Men - Will er ung og lærenem, og meistrer etterkvart det barske livet.


Det vesle jaktlaget finn fram til Millers paradisiske fjelldal – frodig, vakker og vill og med bøffelflokken på tusenvis av dyr som Miller meiner berre ventar på å bli tekne. Karane slår leir og er snart i gang. Miller skyt og dei andre flår. Dag etter dag og veke etter veke. Dei tek berre skinna og let  skrottane liggje att, bortsett frå det dei sjølve ét,  til dømes leveren som skikken for jegarar av dette kaliber er å eta rå. Ein kan mest kjenne stanken av desse dungane med råtnande kjøt. Storjegeren Miller vil ha alt, og veker og månader går. Han skyt og skyt, plaffar ned for ende, besett av å ta heile flokken.  Og vinteren nærmar seg…


Boka har rike skildringar av naturen og stemningane – lesaren opplev alt saman med Will - kviskrande vind, solstreif i haustlauv og bulderet når bøflane tordnar gjennom dalen.

Var det dette Will hadde sett for seg?  Han får oppleva den  vakre og rike naturen, men havnar i ein krevjande kamp mellom det grådige mennesket og naturens eigne veldige krefter. Han var heller ikkje førebudd på dei moralske dilemma han kjem opp i når han må delta i den brutale nedslaktinga av dei majestetiske dyra.
Foto: O.Wagner/Ap/NTB Scanpix

Dette er ei  fantastisk bok – skildringar som er så fine at ein må lesa dei fleire gonger, det er spennande, tankevekkande og drivande godt skrivi.
Forfatteren er John William, kjent for boka Stoner som kom på norsk i 2014. Båe titlane kom ut på 60-talet, men vart fort gløymd – utruleg nok.  Bøkene er gjenoppdaga i seinare tid, og har no millionar av lesarar.




Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar