torsdag 28. januar 2016

 

Yrke: Oversetjar. Hobby: Leigemordar
Eller omvendt – eg er sanneleg ikkje heilt sikker.                                                           Gudolv Gudvolden er oversetjar av
europeiske, litterære klassikarar. Han skriv godt, arbeider omstendeleg og treng ikkje forhaste seg. Kjæresten tykkjer nok at det er litt rart at han tener så mykje på desse få oversetjingane, -  men - han sper jo på med premiar frå internasjonale skytterstemne, der han deltek – og vinn årleg. Imponert er ho  – både over pengepremiane og skyttertalentet, når trener han eigentleg? Men Gudolv fortel ingen ting, og vil aldri ha henne med. Da misser han konsentrasjonen, seier han.

Han er nok ikkje på skytterstevner, nei, - han er ute i Europa og tener store pengar på årlege oppdrag som leigemordar. Han ER ein god skyttar, han HAR konsentrasjon, ER iskald, og utfører jobbane utan feil .Det går bra, og han er snart ferdig. Berre eitt oppdrag til, så er avtalen fullførd og alt betalt....

Samstundes flytter ein ung matematikklærar med familien sin  frå heimlandet Tyrkia til Tyskland. Han har bakgrunn i den tyrkiske hæren og har traumatiske og grusomme opplevingar bak seg. Han blir hylla som helt – og det er han, men kanskje av ein heilt annan grunn enn almugen trur. Haydir Temir lev med stor kjærleik og stor sorg, urettvise som ingen kan tåle, og eit hell mange berre kan drøyme om.

To menn og to lagnader som i utgangspunktet ikkje har noko med kvarandre å gjera.
Men – historien styrer mot ei voldsom og utruleg finale. 
Stor spenning og stor dramatikk, og Eclipse tyder «formørking»….
 
«Eclipse» av Gert Nygårdshaug. Juritzen forlag, 2015.

Anbefalt av Anne Kristin Rødal, kultur- og biblioteksjef, Os bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar