torsdag 8. oktober 2015

Historiane innanfor


Straumane av flyktningar i verda i 2015 – kven er dei, kva ligg bak, kva er det eigentleg som skjer?


Det manglar ikkje på informasjon – tal, statistikkar, reportasjar, sjokkerande foto.  Alt dette kan vi lære mykje av. Men – å ta det  inn, forstå noko av det menneskelege, av kjenslene, kulturane - det som ligg bak. Der kan skjønnlitteraturen kan gje oss svært verdifull innsikt.


Fattigdom, korrupsjon, folkemord, krig, hat og elende er det vi veit om mange land i dag. Gode romanar kan gje oss annan og like sann kunnskap - fascinerande kulturhistorie på godt og vondt, bakteppe for dagens overskrifter,  og ikkje minst - enkeltmenneska sine kjensler og personlege drama. Det riv!
Det er mange bøker å velgje mellom – her er tre tips:

 

Syria: Sandslottet i Aleppo av Chris Bohjalian

Handlinga er henta frå Aleppo, Syria i 1915. Elizabeth Endicott vil hjelpe flyktningane etter det armenske folkemordet etter fyrste verdskrig. Ho møter ein ung, armensk ingeniør, kjærleik veks fram og dette endrar livet til dei båe. I ein parallell historie frå vår tid reiser barnebarnet deira til Syria, og finn slektssagaen og ein løyndom som har vore gravlagd i generasjonar.

 

 

 

Iran: Huset ved moskeen av Kader Abdolah

Ein stor roman om ein familie i Iran som i 800 år har styrt moskeen i byen.Vi  fylgjer familien frå 1960-talet til våpenkvila med Irak i 1988, altså i overgangen frå Sjahen til Khomeini sitt regime. Daglege gjeremål og arbeid, religion, bestemødre, storpolitikk, kjærleik og revolusjon – heile landet sin dramatiske historie blir fortald gjennom denne familien.

 

 

 

Palestina: Susan Abulhawa: Morgen i Jenin

Amal fortel den dramatiske historien om familien sin gjennom tre generasjonar i ei ramme av historiske fakta. Familien havnar i flyktningeleir i 1948. To brør blir skilt – den eine endar som israelsk soldat, den andre som palestinsk motstandsmann. Boka er rik på personar, og skildrar det daglege livet og dei store kjenslene i krigens og urettvisa sitt perspektiv.

 

 
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar