Forfattaren Kristin Maridal, har nok óg bein i nasen, og er av typen som «går vidare». Eit nakkebrot i ei bilulukke har prega livet hennar, og mange kjenner henne frå TV-serien «Ingen grenser», der ho trassa smertene i fjellheimen.
Karen er
mykje saman med far sin, ho sit under bordet når dei vaksne diskuterer, og er etterkvart
med på møter. Ho og blir politisk og sosialt engasjert, og samfunnsutviklinga i
Noreg – klasseskilje, avfolkinga av bygdene, industriutviklinga, blir
interessant skildra gjennom denne familien. Dei to eldste systrene tek
utdanning i storbyen,
Karen blir etterkvart rådmann i Ålesund.
Karen blir etterkvart rådmann i Ålesund.

Det er mykje som skjer – jentene lever spennande liv og mykje av både godt og vondt skjer kring dei. Det er samstundes realistisk og «vanleg» - slik det ekte livet er spennande. Eg likar svært godt Karen som person, det er inspirerande å lesa om kva ho vil, alt ho får til, meiningane hennar og alt ho bidrar med i samfunnet, kjærleik, venskap, glede og sorg.
Rødsand gruber (Bilete frå Romsdals museum)
Kristin Maridal har lova tre bøker om Karen – eg gler meg til neste
bok!
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek "Bjørnsons minde".
Det er kanskje verdt å merke seg at dette er fyrste bok i ein planlagt trilogi. God bok!
SvarSlettB.