fredag 24. april 2015

Dramaet ved Forolhogna

Kanskje såg det omtrent ut som på biletet den dagen i 1745 da Anne Olsdatter Moen vandra heimover til Budalen frå bryllupsfest i Dalsbygda. Ho var vanlegvis ikkje redd for å vera einsleg i fjellet, men denne dagen følte ho seg utrygg og skvetten. Det skulle vise seg å vera med rette. Ho møter tre karar frå Rendalen som er ute og ser etter rein. Dei slår av ein prat, men det er ikkje noko triveleg møte. Særleg  den eine av reinsjegarane skuler ekkelt på henne. Da ho går vidare, høyrer ho etter ei stund tunge skritt bak seg, og det er den eine jegeren som har snudd og kjem etter henne. Anne har ingen sjanse mot mannen med kniv og store krefter. Ho blir valdteken denne dagen innunder Forollhogna, og det skal få store fylgjer for resten av hennar liv.
Forfattaren Jon Gunnar Voll er sjølv frå Budalen. Han skreiv denne boka «12 lod sølv» om Anne Olsdatter Moen frå Budalen i 2004. Boka er bygd på ei sann hending frå 1745.
Etter valdtekta kjem Anne seg så vidt heim over fjellet, stygt medfaren. Ni månader seinare føder ho dottera Barbro. Sidan ho ikkje kan bevise kven som er faren, kjem Anne i rettssak. Ho blir rett nok frikjend, men dette blir ei stor skam for Anne og heile familien. Det er stor fattigdom i heimen til Anne og ho blir «seld» som tenestejente til Singsås. Ho kjem seg seinare til Trondheim og får arbeid der.

Vi fylgjer Anne i gode og vonde dagar, blir kjend med familien og med Hans. Det er spennande å lesa om korleis det går med Anne – ho er ikkje nett tafatt! - Og det er svært interessant å lesa om dagleglivet i desse bygdene på 1700-talet. Hans, som ho var forelska i og trefte att på bryllaupet i Dalsbygda, arbeider ved gruvene på Røros. Dei to finn att kvarandre, men det blir dramatisk når Hans blir hardt skadd i arbeidet.


Det har seinare kome to bøker til om Anne, så vi kan fylgje henne gjennom heile livet. I Budalen viser dei år om anna friluftsspelet om Anne. Dit skal i alle fall eg ved fyrste høve!

Anne Kristin Rødal, Os bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar