torsdag 2. oktober 2014

Ein altfor heit julidag i 2005

Etterforskar Konrad Sejer finn mor og son brutalt knivdrepne i ei gamal, lurvete campingvogn langt ute på eit jorde. Kva har skjedd? Kva kan motivet vera?               

 "Helvetesilden" av Karin Fossum inneheld eit svært mystisk og ufårståeleg drap. Etterforskarane har foreløpig nokre få spor å gå etter; drapsvåpenet, ei kake og store, blodige spor i gjørma. Dei drepne er Bonnie og Simon. Bonnie - ei omsorgsfull heimehjelp som slit for å endane til å møtes, og som strevar og strevar for å gje Simon gleder i livet. Simon er liten, engsteleg og tander. Han elskar mor si og gret kvar gong han må i barnehagen.

Neste avsnitt går føre seg eitt år tidlegare – hjå ei anna mor med sin son. Det er rett før Jul, og Mass og sonen hennar Eddie førebur middagen. Eddie er 21 år, feit, glad i kryssord, Tore på sporet og Cherry-cola. Det er altså to mor-og son- forteljingar der dei lev det mange vil kalle uverdige og tunge liv. Eg les samstundes mykje omtanke, kjærleik og glede ved å få vera saman og ha kvarandre. Dette er menneske som har mange lykkelege stunder i det at dei har kvarandre og i det dei er for andre menneske. Bonnie si viktige rolle overfor sine eldre pasientar er så godt skildra! Samstundes er det noko uhyggjeleg usunt – det er for tett, det stemmer ikkje, det skal ikkje vera slik.

No pratar eg meg bort - dette er jo ei kriminalhistorie – ikkje ei sosialpsykologisk studie. Men det er noko av det som gjer Karin Fossum til ein suveren forfattar. Korleis ho lét lesaren forstå menneskesinnet – alle dei forskjellige, dei litt aparte, - eg VEIT korleis desse personane er og korleis dei har det. Eg er storleg fascinert over språket – presist og utan klisjear og fiksfakseri. At det er mogleg med så "alminnelege og enkle" ord og setningar å få fram noko så komplekst og uhyggjeleg. Og dette gjer Fossum samstundes som det er drivande spennande!

Handlinga går att og fram mellom dei to små familiane. Vi aner ein samanheng og vi aner tragedien nærme seg. Det skjer mange overraskande ting undervegs og det er ei svært spennande og original historie. Så gale kan det faktisk gå, så store konsekvensar kan det få, og så mykje kan eit menneskesinn romme.

Den beste boka eg har lese på lengje!

Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar