onsdag 22. januar 2014

Døden kjem med bussen av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden


Petter Strand har vore på Syden-ferie med kjærasten. Han er trøytt og sliten, og set seg på Nordfjord-ekspressen – nattbussen frå Gardermoen via Gudbrandsdalen, Ottadalen, over Strynefjellet og heilt til Måløy. Han skal heim til Lom. Det blir hans siste busstur....
I Vågåmo blir han funnen død i buss-setet. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda døyr ein brutal, brå død.

Mord er ikkje nett daglegdags i Lom, og lensmannsbetjent Jørgen Vold og lensmann Sylfest Seljestad får travle dagar og uvante oppgåver. Dei må grave djupt i fortida, og både dulgde brotsverk, Bygdadyret og ungdommeleg tankeløyse - med store konsekvensar - kjem for dagen i løpet av granskinga av saka. Det er spennande, originalt, småhumoristisk, lettlesen og med fint driv. Ei norsk krim-bok som skil seg ut!

Kroken & Kolden bur båe i Lom. Vigdis Kroken er journalist og Ragnhild Kolden bokhandlar. Dette er deira andre bok som dei har skrivi saman. ”Evig skal døden vera” kom i 2011, og vart kåra til vårens beste krimbok av Dagbladet. Mange har ein eller annan gong stoppa i Lom, og det er lett å kjenne att Coopen, bensinstasjonen og miljøet på Countryfestivalen i Skjåk. Det er fine natur- og miljøskildringar, og det er enkelt og likefram fortald. Personane kan nok verke noko eindimensjonale, - kvar person representerer liksom ein mennesketype. I det verkelege liv er vi nok meir samansett enn som så. Men – det er spenning, det er ujålete, ganske realistisk og det er så lite urbant som det kan bli.
Anbefales! av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar