torsdag 4. april 2013

Håkan Nesser: De sørgende

Gunnar Barbarotti sørger tungt over kona Marianne som døydde brått frå han. Han får i oppdrag å undersøkje to ”cold cases” da han kjem attende i jobb etter permisjonen. Tanken var nok at dette skulle vera enkle oppgåver og ei slags arbeidstrening eller ein mjuk start for Barbarotti. Det viser seg å vera kompliserte og brutale samanhengar i sakene.
”Partererskan från Lille Burma” er sentral i båe saker. Ho har sete 17 år i fengsel for drapet på ektemannen. No er ho sambuar med Arnold Morinder som har vore sakna i fleire år.  


Ei svært spennande kriminalhistorie, og som alltid med Håkan Nesser – godt skrivi og med god driv i forteljinga. Og så handlar boka om mykje meir; sorg, tru, menn som hater kvinner, barn i fare, forhold mellom menneske.

Eg høyrde boka som digibok – svært godt lesen av Ivar Nergaard.
Håkan Nesser skriv at dette er siste bok om Gunnar Barbarotti. Synd – for slutten kan tyde på ei spennande framtid for Barbarotti. Eg gler meg uansett til neste bok av Håkan Nesser – med eller utan Barbarotti!

Anne Kristin Rødal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar