fredag 7. desember 2012

7. desember: Mokka av Tatiana de Rosnay

Tittelen ”Mokka” – som i mokkatrøffel, mokkabønner og mokkakaffe med krem - gav meg behagelege, mjuke, lune ”krølle-seg-saman-i-sofaen-med-kakao-og-pledd-assosiasjonar”. Så viser det seg at dette er ei bok med store drama både på indre og ytre plan, spenning, liv som brått og brutalt blir snudd opp ned, hevn og svik.

Forfattaren Tatiana de Rosnay har tidlegare hatt suksess med bøkene ”Bumerang” og ”Saras nøkkel”, og fylgjer her opp med ei spennande og god bok som blir karakterisert som ein ”pageturner”.


Mokka er altså korkje sjokolade eller kaffe, men fargen på ein Mercedes som meiar ned trettenårige Malcolm i eit fotgjengerfelt i Paris. Malcolm blir livstruande skadd og ligg i koma i vekesvis, og sjåføren stikk av. Justine - mor til Malcolm er ikkje nøgd med politiet sin innsats i etterforskinga, og tek sjølv opp jakta på forbrytaren – mot sin engelske ektemann sin vilje.  Justine og ektemannen reagerer og sørger svært ulikt, og tragedien får smertefulle konsekvensar både for forholdet dei imellom og for alle relasjonar og situasjonar i liva deira. Justine sporar etterkvart opp Eva som eigar av bilen. Løysinga er ikkje så enkel som det kan sjå ut som, og med oppklaringa av udåden kjem ei ny, hjartelaus sanning for dagen.

Dette kan virke deprimerande – men det er ikkje det! Boka er spennande med godt driv og lett språk. For meg gjev det mykje å lesa om personar i andre kulturar, i andre livssituasjonar og som reagerer og handlar heilt annleis enn eg sjølv trur eg ville ha gjort. – men som eg likevel forstår.


Boka finst óg som lydbok – godt lesen av Ingrid Bergstrøm.

Anbefalt av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar